Krenken

Følges av 38 medlemmer.

Krenken er et boligområde i Odda, bestående av 8 arbeiderboliger som ble bygd av Alby United Carbide Factories Ltd.; “Carbiden” (senere Odda Smelteverk AS) i begynnelsen av forrige århundre. Boligene inneholdt opprinnelig 4 leiligheter, og ble brukt som utleieboliger til arbeidere ved Odda Smelteverk inntil de ble solgt til private på 80-tallet.
Anno 1912
Anno 1962
Anno 2008 Mer om sonen

Origo Krenken er en sone på Origo. Les mer

Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Hardangerfolk (onsdag 20. august 2008). Les mer om roperten…

Hytta på Fossen

Mange oddingar har vore på tur til Fossen, denne ville avsatsen på veg til Eidesnuten. Fugleperspektivet av Odda er alltid imponerande. Det er også den
hytta som står der oppe med eige kraftverk:

Hytta blei bygd før helikoptertransport var vanleg. Materialane er frakta opp med muskelkraft. Hytta står i dag som eit minnesmerke over viljesterk ungdom frå Krenken, som utnytta arbeidsløyse tider til å gjera noe positivt.

Her er glimt fra ”hyttesoga”:
Ungdommen på Krenken var interessert i skisport. Om sundagane var det å dra til Jordalsstølen. Etterkvart kom planar om å byggja seg ei hytte der oppe. Det blei det ikkje noe av. Så drog dei over til Sandvinssida, men der var det ikkje råd å få tomt. No kom interessa for Fossen. Dei fekk løyve frå bøndene på Eide, i Bygda, og frå Holm på Bergjaflot. Alt blei avtalt munnleg.

Det var lang diskusjon om kor hytta skulle liggja. Den finaste plassen var oppmed tjørna. Det blei avstemming om plassen, og dei to alternativa fekk like mange røyster. Arthur Kronstad var formann, og med hans dobbeltstemme, blei plassen lagt lenger nede. Formannen tenkte på veden, som var rettare å få fatt i der. No begynte arbeidet med å samla materialar. Etter ei tid kunne hytta setjast saman nede på Krenkesflot.

Transport opp lia
Materialane måtte for det meste berast opp lia til Fossen. Frå Bergjaflot og halvvegs opp i lia hadde ungdommane laga seg ein streng. Dei sto oppe og sveiva og sveiva, og derifrå måtte dei bera børene resten av vegen.
E.E.: Vi hadde sveiva ei stor bør. Så slitna snora heilt oppe. Børa rusa nedover og materialane flaug over heila Bergjaflot. Ja, det var materialar som flaug heilt ned til Kjellevold i Sniglabrekko. (Det var bare to hus der den gang, Kjellevold sitt og ein Juul-Hansen.)

Dårleg waier
E.E.: Waier hadde vi ikkje pengar til. Vi fikk waier på Smelteverket,
og så fletta vi opp alle kordelIane og knytte saman. Trommelen som vi
sveiva på, hadde så lave flensar at det hoppa over. Bak på materialbøra
hadde vi et flagg. Stor stas: Vi var fire mann som sveiva, to mann på kver sveiv. Han som skulle styra snora, styrte utenom og kom ned på akslingen – og der for børa. Dette hende i 4 -5 tida om ettermiddagen. Skulle det vera slutt,no? Detta var då så skøy: Bror til John Andersen arbeidde på Smelteverket. Han gikk ned på fabrikken og fikk ordna heisegreiene.

Foreldra støtta opp
Foreldra var alltid med og hjelpte til. Far til Arthur Kronstad var med og hogde til standardverket. Lekve laga dører og mor til Tora Takla gikk i gang og sydde sofaputer som blei lodda ut. Ho laga flagg til hytta og.
E.E.: Ei Gjertrud kom bort til meg ein dag og sa: ”No ska du ve med nedøve ”. ’Ja ke e det no då?’. ”Ja no ska me nedøve og kjøpa voksduk, for de ska ha voksduk på kjøkendisken og så ska de få kaffikjel av meg”.
Vi gjekk ned til Reisæter. I den tida hang kjørel og kaffikjelar oppi taket i butikken. Der kjøpte vi ein kjel som gikk nedi vedovn med ringar. Det var mye pengar å betala for det gamle mennesket. Den kjelen døypte vi til ”Gjertrud”.

Innsamlingslister
Ole B. Hansen samla inn pengar på Smelteverket og fekk inn 120 kroner. Det var og folk som ikkje budde på Krenkesflot, som gav. Dei ville støtta opp om ungdom som tok seg til med noe positivt. Elles hadde dei utlodningar. Gevinstane kunne vera halvlodd i Pengelotteriet, skiutstyr og ryggsekk frå Bøthun sin butikk på Nyland.

”På kanten”
Det var somtid svært vanskeleg å skaffa materialar eller kontantar, og då var freistinga stor til å prøva litt illegale metodar. Det hende ein gong at freistinga blei for stor då noen gjekk forbi materiallageret til Stana. Noen bord blei nappa og hamna på Fossen. I eit styremøte på gata blei det stor diskusjon då ein kom med forslag om å prøva gauking, men forslaget blei nedstemt!

Bortmed ”Bergstrømshjørna” blei det lagt murstein, sand og materialar. Alle som skulle til Fossen, hadde ikkje lov å gå dit opp utan å ha med seg ei bør. Det låg materialar oppover heile lie etter folk som ikkje klarde å bera alt til topps.

Innviingsfest
Endeleg var hytta ferdig. Innviingsfest blei planlagd. Blant ungdomen på Krenken var det mange underholdningstalent. Ein av dei fremste var ”Bittis”-Arthur Bergstrøm. Han dansa ballett i skjørt, m.a. dansa han ”Svanens død” utpå natta. Etter at hytta var ferdig kunne det vera 70-80 menneske der oppe ein skisundag. Hyttelaget selde kaffi og appelsiner. Martinus Lekve skreiv plakatar og sette på bjørkestammene oppover. Der stod det:
”NÅR DU KOMMER TIL F0SSEN OPP
DA VENTER EN KAFFEKOPP, HOLLIHOPP” •
Ti øre koppen, og folk kom ikkje berre i frå Krenken.

Skisport
Skisport var populært blandt ungdomen på Krenken, særleg skihopping.
På Fossen hadde dei tevlingar i langrenn og hopp – så eplenikkersane flagra. Her hoppa Erik Rogne 18 m på ski som berre nådde han til halsen.
Ikkje så mange oddingar veit at i sørenden av gravplassen på Bergjaflot
ligg spor etter ein hoppbakke som krenkingane bygde. Her reiste dei stillas 4’-5 m høgt, og kjende folk som Jon Helle har hoppa her.

Dei som har fortalt om ”Krenken” er:
Olav Takla f.1909,John Andersen f.1913, Martinius Lekve f.1912, Arthur Kronstad f. 1910, Erik Eriksen f.1911 og John Lekve f.1916.

Teksten er henta fra Odda i manns minne II (Odda Mållag 1981)og gjengitt med tillatelse av Odda Mållag

Vist 277 ganger. Følges av 4 personer.

Kommentarer

Hei! Var på Eidesnuten her en dag, og på veien ned var det en kompis som viste meg litt rundt på Fossen. Vi så på den hvite hytta (Som står omtalt på denne siden, hvordan ble bygd). Er det noen som har innformasjon om kraftverket og bygningene ved kraftverket. Hytta som er bygd mellom 2 store steiner, stein broen m.m. Årstall, navn og andre relevant (artige) opplysninger.

Jeg tipser videre til Mållaget og NVIM; kanskje de kan hjelpe til!

Jeg oppfordre alle til å legge inn bilde av seg selv i profilen sin, slik at vi ikke kommuniserer med fjesløse spøkelser uten navn….

Brita Jordal på NVIM har nå hjulpet med flere opplysninger vedrørende området på Fossen, og Olav har scanna det inn med superscanneprogrammet sitt, så det blir lagt ut som et nytt innlegg ovenfor kalt Hytta på Fossen – del 2.

Annonse